Suldal Husflidslag vart skipa i 1992 og har 74 medlemmer. Hovudaktivitetane våre er Spøtakafeen og Ung Husflid. I tillegg held me kurs i ulike husflidsaktivitetar. Følg oss på Facebook, så er du alltid oppdatert. 

Suldal husflidslag flytta i november 2015 inn på Arbeidsskulen. Det er fem lag som har tilhald der; Malargruppa, Suldal Husflidslag, vevegruppa, speidarane og venneforeningen for Brødrene av Sand.

UNG HUSFLID

Husflidsaktivitetar for deg mellom 8 og 14 år. Fleire grupper med trearbeid og spikking, garn og tekstil. Aktiviteten foregår i trivelege lokaler i 1. etasje på Arbeidsskulen på Eide. Følg med på plakatar, Facebook eller heimesida vår for nærare informasjon.

SPØTAKAFE

Suldal Husflidslag har spøtakafe på Arbeidsskulen på Eide, første torsdag i månaden kl. 18.00 til 20.00.

Dette er ei uformell samling for alle spøtainteresserte og også andre handarbeidsglade menneske. På nokre av kafeane har me eit tema, men elles er det fritt fram for å driva med det ein sjølv vil. Det fleire handarbeidsinteresserte kjem saman, er det alltid utveksling av erfaringar og idear. Kjekt å sjå kva andre finn på, og høve til å få hjelp med maskar eller oppskrifter som ikkje alltid er like samarbeidsvillige.

Alle interesserte er hjarteleg velkomne. Ein treng ikkje vera medlem i Husflidslaget.

Me er nå registrerte i Brønnøysund, og du kan spandera grasrotandelen din på oss. Tenk på det neste gong du tippar.

 

Kalender

3 jan 2019 18:00, Arbeidsskulen på Eide, Sand

7 jan 2019 18:00, Arbeidsskulen på Eide, Sand

8 jan 2019 18:00, Sand skule, formingsavdelinga

Aktuelt

Dei unge pølsemakarane på Ung Husflid har fått 3 sider i lokalavisa Suldalsposten. 

På to timar skal dei 4 ungdommane for første gong gi seg i kast med å laga pølse. Med seg har dei to gode tradisjonsbærarar, Monica Vela og Jan Hallvard Møgedal. Dei unge hevar ikkje på augnebrynene av kjøttfarse og spekk. Sist dei var på Ung husflid-kjøkkenet var det to grisehovud som skulle pitlast og bli til håvost og sylte. Mange små trådstumpar blir kutta opp og ei lita nål blir funne fram. Det er det næraste dei kjem husflidsarbeid denne kvelden, men tarmen på tuten må knytast igjen i enden. 

Du kan lesa heile artikkelen her!

Etter eit halvårs pause, dreg me igong med bunadskurs igjen til våren. 

Du finn informasjonen du treng her:            Sjå plakaten her

På Landsmøtet i Norges Husflidslag 2018 vart Suldal Husflidslag tildelt ein av heidersprisane, kategori Organisering, for arbeidet med Ung Husflid. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.