Sogn og Fjordane Husflidslag har kontor på Igelkjøn i Flekke, Sunnfjord. Sekretæren vår er tilsett i 30% stilling. Kontordag er måndag, kl. 08.00 - 15.30 pluss kl. 18.00 - 21.00. Dersom du vil på besøk, er det fint om du tek kontakt på førehand. Tlf. 977 04 140.

Påmeldingsskjema til sommarskulen:

GODE GÅVETIPS FRÅ OSS …

Fylkesvotten - og oppfølgaren Fylkessokken - har skapt stor interesse over heile landet – noko fylkeslaget og dama bak idè og design, Åshild Dombestein, er svært stolte over. 
Framleis er mønstra populære salsvarer – og folk som kontaktar oss MÅ få tilsendt mønster snarast, fordi det skal bli gåve til fleire!

Også hefter RAUDLISTA, som kom i sal på etterjulsvinteren i fjor - og som omhandlar truga handverksteknikkar i fylket vårt, har fått stor merksemd og vorte ei fantastisk salsvare.
Kva tidlegare generasjonar MÅTTE sysle med kvar dag, er teknikkar som held på å døy ut – men som MÅ ivaretakast på ein god måte. Heftet RAUDLISTA viser 13 teknikkar – og gir eit godt bilete av tida som var - og god historie!
 
Du kan bestille mønster eller RAUDLISTA på:
Epost: sfjh@online.no eller tlf. 977 04 140, måndag/torsdag.
 
Prisar:
Mønster Fylkesvotten/Fylkessokken, sendt digitalt kr. 40,- pr. mønster. Må førehandsbetalast til konto 3700 35 00374.
RAUDLISTA: Kr 150.- pluss porto (for 1 eks.) kr. 31,-.

Mønster til "Fylkessokken"

Etter stor oppfordring frå FB-medlemmer er mønsteret til "Fylkessokken" klar for sal. 

”Fylkessokken” er oppføljaren til "Fylkesvotten", som vart lansert på Landsmøtet i Førde i juni 2012. Også idè og design for "Fylkessokken" er det Åshild Dombestein som står bak!
Salet av møsteret skjer elektronisk og kostar kr. 40.

Tinginga gjer du på følgjande måte:
Send epost til sfjh@online.no.
Overfør samstundes kr. 40 til kontonummer 3700 35 00374.
Så snart transaksjonen er notert hos sekretæren får du mønsteret tilsendt pr. epost i eit pdf-format.
For deg som ikkje har tilgang til elektronisk kjøp, ringjer SFH-kontoret, måndagar, på tlf. 977 04 140.
Mønsteret kostar då kr. 50 (inkl. porto) – men betalingsrutinen med førehandsbetaling vil vere den same.
NB! Snart jul - lekker gåve for heile familien …..!

Mønster til ”Fylkesvotten”

”Fylkesvotten”, som vart lansert på Landsmøtet i Førde i juni 2012, har vorte ein suksess. Åshild Dombestein, dama bak idè og design, gler seg over den store interessa som har vorte vist. Og nettopp på grunn av den positive responsen ser vi det naudsynt å endre rutinen til eit ”elektronisk kjøp” av mønsteret til alle som har mulegheiter for det.

Å få mønsteret tilsendt elektronisk kostar deg kr. 40 – og tinginga gjer du på følgjande måte: Send epost til sfjh@online.no.Overfør samstundes kr. 40 til kontonummer 3700 35 00374. Så snart transaksjonen er notert hos sekretæren får du mønsteret tilsendt pr. epost i eit pdf-format.

For deg som ikkje har tilgang til elektronisk kjøp, ringjer SFH-kontoret, måndag eller torsdag, på tlf. 977 04 140. Mønsteret kostar då kr. 50 (inkl. porto) – men betalingsrutinen med førehandsbetaling vil vere den same.

NB! ”Fylkesvotten” kan vere ei lekker gåve for heile familien …..!

Opne lenka nedanfor og sjå kva akademeiet har å by på:

http://www.sommerakademiet.com/

www.sommerakademiet

Epost: sa@somak.no

Mobil: 0047 952 15 399

Sommerakademiet og Galleri Frøya, 16. - 25. juni, i Kalvåg, Bremanger, Sogn og Fjordane.

Opne linken nedanfor og sjå kva du kan få oppleve:

http://www.sommerakademiet.com/

Sommerakademiet  www.sommerakademiet 

E-post: sa@somak.no

Mobil 0047 952 15 399

Fleire bilete frå årsmøtet.

Kalender

14 aug 2017, Telefonmøte/fysisk møte?

7 sep 2017 18:00, Ikkje bestemt

12 sep 2017, Ikkje bestemt

Nyhende frå lokallaga

7 juni har vi farged t'shirts og vesker med batikfarge. 11 barn var stor fornøyd med resultat.

Aurland husflidslag avslutta sesongen med tur til Oleana. Oleana held til i den gamle bomullsfabrikken til Arna Fabrikker heilt nede ved Sørfjorden. Lokala er frå 1846. Til liks med Aurland skofabrikk er Oleana Économusée. Det betyr at du kan besøka fabrikken i opningstida. Du kan vandra gjennom saumsalen og strikkeriet og sjå handverkarane i arbeid. I første etasje er det butikk og utstillingar. Å besøka Oleana er ei reise i estetikk og eventyrleg tekstilhistorie, Dei har fått til noko ingen trudde var mogeleg! Hadde du ikkje høve til å bli med på turen, ta ein titt på bileta. Dei ligg inne på Aurland husflidslag si Facebook - side. Du finn lenke til høgre på denne sida. 

Kva skjer i lokallaga

26 sep 2017 19:00, På Barne og ungdomskulen

27 sep 2017 18:00, Kletten Grendahus

16 okt 2017 19:00, På ATS

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.