Aurland Husflidslag vart skipa i 1976. I dag har laget 59 medlemmer, 25 av desse er medlem i Ung Husflid.

Over ser du eit bilete av Hopastova. Her held me til. Hopastova er eit staseleg bygg som feira 100-års jubileum 2014. Huset var den første aldersheimen i Aurland og vart sett opp med god hjelp av pengar heimsendt frå Amerika.  Her er stover og kjøkken som også fungerer som aktivitetslokale, vevstove på loftet og keramikkomn i kjellaren.

Aurland Husflidslag har aktivitetskveldar og kurs innan husflid.  Laget samarbeider med andre lag og organisasjonar i kommunen  om ulike arrangement. 

Ung Husflid har fire aktivitetskveldar kvar haust og kvar vår. Dato og klokkeslett finn du i kalenderen når dei er fastsett.

Laurdag før første søndag i advent arrangerer me julemesse på Aurland barne- og ungdomsskule. Dette er eit årleg arrangement.

Følg med på heimesida så ser du kva som skjer i laget. Du er velkommen til å delta! 

Kalender

Nyhende

Julemesse på Aurland barne- og ungdomsskule

Husflidskveldar i Hopastova

Går du i 4. 5., 6 .eller 7.klasse er du velkommen til å vera med på aktivitetskveldane i Hopastova i haust. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.