Vi held til i Bremanger kommune i Nordfjord.

Laget arrangerer ulike aktivitetar for barn, unge og vaksne. Du treng ikkje vere medlem for å bli med, men det er ein fordel å betale kontingent. Vi gir t.d. rabatt på kursavgifter og felles turar. Du kan lese meir om fordelar ved å vere medlem lenger nede på denne sida.

Vi har aktivitetar og arrangement i Davik -, Kolset -  og Ålfoten Oppvekstsenter. Medlemene våre finn du langsmed heile "sørsida," frå Leirgulen i ytre til Ålfoten i indre.

Velkommen til triveleg samver i eit positivt miljø! Ingen er proff, og ingen er amatør. Vi deler handverkskunnskap og idèar etter beste evne... :)

MEDLEMSKONTINGENT FOR 2016:

Hovudmedlem: 600 kr (Inkludert medlemsbladet Norsk Husflid)

Barn og unge under 26 år: 150 kr

Husstandsmedlem: 400 kr

MEDLEMSKONTINGENTEN INKLUDERER:

  • Kulturtidsskriftet Norsk Husflid. Bladet kjem ut 5 gongar i året, med masse spennande og aktuelt stoff. Bladet er ikkje inkludert i medlemskap for barn, ungdom og husstand.
  • 20 - 25% rabatt på alle bøkene og hefta våre (nye 10%)
  • Rabatt i dei fleste husflidsbutikkane (Du må vise gyldig medlemskort). 
  • Rabatt på kurs i lokallaget
  • Tilbod om deltaking på Nordisk Husflidsleir

 Viser elles til nettsida husflid.no som viser rabattar på div. hobbyartiklar, ull, overnatting m.m

Kalender

Nyhende

Å sy bunadcape er eit stort arbeid som krev at ein er flittig og nøyaktig, og ikkje minst må ein vere tolmodig. Det er lite maskinsaum og mykje handarbeid. Petra Marie har gått på kurs og sydd sin eigen cape. Vi tok ein prat med henne siste kurskvelden.

Det er september, haust- og tid for kurs. På Davik har vi starta opp med kurs i å sy cape til nordfjordbunad, og vi har deltakarar frå 14 år og oppover. Vi har til og med ein konfirmant som vil sy sin eigen cape! Ikkje rart, forresten, for ho har vore ein ivrig medlem av Ung Husflid i fleire år. Vi vil presentere henne betre seinare. 

Ivrige unge lagar lykter. 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.