Velkommen til Eid Husflidslag si heimeside. Eid Husflidslag blei stifta 26. februar 1986. Vi held til på Nordfjordeid.

Eid Husflidslag har omlag førti medlemmar. Medlemmane er frå 8 - 90 år.

Alle er hjarteleg velkomne til å melde seg inn i laget. Medlemskontingenten inkluderer 5 nummer av bladet Norsk Husflid. Du får også 10% rabatt på husflidslaget sine kurs og 10% rabatt ved kjøp av varer på husfliden sine butikkar i t.d. Bergen.

Strikkekafe

Første torsdag i kvar månad møtast vi på Cats kafe. Vi er her frå kl. 19.00 - 21.00.

Her har vi det veldig triveleg. Det vert strikka, hekla, pjona og sydd, så ein treng ikkje ta med strikketøy fordi om det heiter strikkekafe. Vi har eit lite lotteri kvar gong der inntektene går til laget vårt. Om du har lyst så kan du ta med deg en liten gevinst.

Om det er noko du lurer på så stikk innom og slå av ein prat. Her er mykje kompetanse samla og mang ei utfordring innan ulike håndarbeid har vorte løyst her.
Strikkekafeen er open for alle.

Kalender

Nyhende

Læringsverkstad i Eid Husflidslag sin raudlistateknikk. 

Eid Husflidslag og Davik og omegn Husflidslag markerte Ullveka Sogn og Fjordane på Nordfjordeid. 

Her kjem nokre bilete frå sommarshopping på laurdag. Var ein kjekk dag med mykje merksemd. Mange som stoppa for å prate og sjå kva vi gjorde på. Bodil J og Bodil S var med her. Vi hadde med hekling av fruktnett, gimping, knipling, strikking, hakking og pjoning.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.