Luster husflidslag vart stifta 23.11.1979 Luster er ein stor kommune, i areal større enn Vestfold fylke, me har difor heile 7 aktivitetsgrupper som møtest på faste stadar rundt om i kommunen for å driva med husflidsaktivitetar.

Gruppene møtest ein gong i veka, der ein driv studieringar, eller berre samlast for å driva med eigne handarbeid.

Luster husflislag har styremøte 7-8 gonger i året, ein gong i månaden har me felles medlemsmøte med tema på eit av aktivitetshusa våre.

Styret set opp møteplan og stad, i samarbeid med aktivitetsgruppene, og så er det aktivitetsgruppa på den aktuelle staden som står for tema for kvelden, og står for det praktiske omkring arrangementet.

På møte har styre ein kort sekvens med innformasjon frå styret, me har enkel servering, loddtrekkning på inngangsbiletten , resten av møte vert brukt på kveldens tema

AKTIVITETSKVELDAR/ STADER

STAD-TID -KONTAKT

Hafslo- SFO rom. Tysdag 19-22. Wenche Moe

Mollandsmarki. Ellen Øygard

Luster-Fliden. Måndag 19-22. Bjørg G Hovland

Jostedal- Idebui. Torsdag 19-22. Marit Elvekrok

Gaupne- Aktiviteten. Måndag 19-22. Kari Bjørnetun

Fortun. Måndag 18.30-21.30 Partalsveke. Else Steig

Kalender

Nyhende

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.