Hei, velkomen til Stryn Husflidslag si heimeside.

Her er bilde fra styret anno 2018.

Vi har også Facebook-side, der vi legger inn relevant, viktig og interessant info om aktivitetar og husflid generelt.

klikk på linken til facebookside vår ( oppe til høgre på denne sida)

Laget si målsetting er framleis å bygge opp gode møteplassar med fokus på kreativitet og skaparglede i eit sosialt og inkluderande fellesskap. Vi ønskjer å ta vare på gamle tradisjonar, samtidig som vi vil prøve ut og utvikle nye produkt som gjenspeglar vår eiga tid.

 

Satsingsområda til Stryn husflidslag er :                 

* Ung husflid

* Strikkekaféen

* Vere synlege i lokalmiljøet

* Auke medlemstalet

* Medlemsmøter med tema/ andre aktivitetar

* Fleire kurs

* Styrkje økonomien i laget

* Markere den årlege husflids- og kulturminnedagen

Gå inn på linken "Kontakter" oppe til venstre, så får du fram kontaktinformasjon og oversikt over styremedlemmene.

2017:

Møtene våre vil vere i Nedrebergtunet, Bergsida i Stryn, dersom ikkje anna er opplyst.

For å vere med på aktivitetane våre treng du ikkje å vere medlem, men som medlem får du litt rabatt på m a kurs og fellesturar. 

Strikke-og handarbeidskafé:

Dette er ein god og sosial møteplass med stor takhøgde. Møtene er som regel første onsdag i månaden, frå kl 19, i det gamle skulehuset i Nedrebergtunet. Kontaktperson og primus motor er som før: Torild M. Nedreberg.

Ung husflidgruppa vår har omlag to møte pr halvår. Kontaktperson er for 2018 Kirsti D. Holen.

Meir info om aktivitetar kjem om litt.

29.05.2018

Kalender

Nyhende

7 juni har vi farged t'shirts og vesker med batikfarge. 11 barn var stor fornøyd med resultat.

Strikkekafeen på nedrebergtunet heiter fra no handarbeidskafeen!

Ung husflid har hat ein aktivitet og veved små vesker, neste aktivitet er 28 okt!

.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.