Svelgen og omegn Husflidslag vart stifta 4. mars 1980. Vi held til i leigde lokale på Kulturhuset Realen.

 

Vi har handarbeidskveld kvar tysdag der vi møtast og jobbar med eige handarbeid og/eller fellesprosjekt. Onsdagar i partallsveker er det karveskurdkveldar. Vi har og temakvelder, kurs og strikkekafè.

Laget har eiga Ung Husflid gruppe med samlingar tre til fire ganger i året. Pr oktober 2017 har vi 10 aktive barnemedlemmar.

Kalender

Nyhende

Siste helga i april arrangerte vi ei svært vellykka utstilling i lagslokale vårt. Vi fekk besøk av fleire skuleklassar frå Svelgen Oppvekst.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.