Rauland Husflidslag starta opp august 2009. Vi har samarbeid med Raulandsakademiet og arrangerar kvart år omlag 50 kurs innan husflid og handverk.

Målet er å organisere aktiviteter og tiltak som genererer husflidsfaglig interesse og kunnskap, produksjon og omsetning.

UNG HUSFLID:  torsdagar kl. 18:00 - 20:00 på vevsalen Dyre Vaa - bygget. 25. Oktober 2018. Kontaktperson Eli Wendelbo. Påmelding.

Veving: Vevsalen på Dyre-Vaa-bygget tysdagar 10:00- 14:00 og torsdagar kl. 19 -21. Om du har lyst til å veve med oss, kontakt Eli Wendelbo.

Veving på Vesaas:  Måndagar frå kl. 12 .  Kontaktperson Eli Vesaas.

Tregruppa på Dyre Vaa har samling på Treverkstaden på Dyre-Vaa-bygget kvar tysdag frå kl 10:00 - 14:00. Kontaktperson Svein Vinjerui.

Quiltegruppa:  Samlast annan kvar onsdag På Rauland skule. Kontaktperson Aslaug Jore. 

Har du forslag til aktivitetar eller vil vere med på ein av aktivitetane i Rauland Husflidslag, ta gjerne kontakt med oss styret for Rauland husflidslag. 

Kalender

Nyheter

Vi hadde årsmøte I det Nye teorirommet på Dyre Vaa sundag 28. Januar.

60 kurs å velje mellom, lafting, toving, maskinstrikking, sykurs,

sølvarbeid, skrivekurs, dreiing, lagging, sveiping I tre, snekkarkurs, smiing, knivkurs og mykje meir. Ynskjer du å få kurskalender tilsendt I posten, ring 35073292 eller send ein e-post til post@raulandsakademiet.no

Rauland Husflidslag har i samarbeid med Eli Vesaas laga Vesaas-grindi som er ei lita og nett bandgrind, 17 x 11,5 cm og 3 mm tynn, med 9 spalter for veving av plukkeband med klauvkant.Grindi er lag i tre og er skore ut med laser.

Grindi får du kjøpt gjennom Rauland Husflidslag. Den kostar kr. 300 + porto. Send e-post til eli.wendelbo@gmail.com

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.