Møbeltapetsering

Her kan du lære enkel stopp og trekk av dine eigne stolar. Gjerne antikke stolar. Treverket må vere i orden. For nokon kan det vere aktuelt å lære snøring av fjærer. Snøring av fjærer og stopping er arbeidskrevjande. Lærar tek kontakt med deltakarane før kurset for å bestemme kva som skal gjerast og kva som trengs av materialer og utstyr. Materialkostnad til eit spisestolsete med fjærer er ca. kr 1000.-. Kurset er for nybyrjarar og dei som har arbeidd med møbeltapetsering ei tid. Individuell undervisning. Erik Melcher er meister i faget og har arbeidd som møbeltapetserar I 45 år. Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 4. juni. Les meir. https://www.visitrauland.com/raulandsakademiet/kurs/mobeltapetsering/

16. juli 2018 - 22. juli 2018

Raulandsakademiet, 3864 Rauland

5900,-

Kalender

Nyheter

Vi hadde årsmøte I det Nye teorirommet på Dyre Vaa sundag 28. Januar.

60 kurs å velje mellom, lafting, toving, maskinstrikking, sykurs,

sølvarbeid, skrivekurs, dreiing, lagging, sveiping I tre, snekkarkurs, smiing, knivkurs og mykje meir. Ynskjer du å få kurskalender tilsendt I posten, ring 35073292 eller send ein e-post til post@raulandsakademiet.no

Rauland Husflidslag har i samarbeid med Eli Vesaas laga Vesaas-grindi som er ei lita og nett bandgrind, 17 x 11,5 cm og 3 mm tynn, med 9 spalter for veving av plukkeband med klauvkant.Grindi er lag i tre og er skore ut med laser.

Grindi får du kjøpt gjennom Rauland Husflidslag. Den kostar kr. 300 + porto. Send e-post til eli.wendelbo@gmail.com

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.