På raudlista: Gjuro – pinnaband– tevlingejure

I 5/2017 vart det ikkje plass til alle referansar i teksten "På raudlista: Gjuro - pinnaband - tevlingejure", og vi trykker difor den fullstendige teksten her.

På Hardanger folkemuseum, Utne er det utstilt ei rekkje vovne ullbelte, som i Hardanger vert kalla gjuro eller pinnaband. I dag er det få personer som kjenner til veveteknikken, – noko som kvalifiserer til raudlisting. Det er derfor svært aktuelt å løfta fram desse banda att.

Prosjektet "Gjuro" er eit samarbeid mellom Randi Stoltz, Liv Selland Rumohr og Kristi Nilsen. Denne veveteknikken - og bruken av belta - er kjend både frå Hardanger og Setesdal. Banda er sporadisk kjende i andre distrikt. Akkurat denne teknikken og slike band er ikkje kjende utanfor Noreg, så vidt vi kjenner til.

Artikkelen er basert på besøk til Hardanger folkemuseum på Utne, Voss folkemuseum, Setesdalsmuseet, Valle vev i Setesdalen og samtalar med privatpersonar, samt tilgjengeleg litteratur.  
På «Lag det sjølv»-sidene finn du oppskrift til eit enkelt band i totråds brikkevev.

Kva er ei gjure?

Banda frå Hardanger har vore brukte som livgjord (belte) rundt livet i tidlegare draktskikk. Dei har ofte enkle krokar til feste, men med endekantar som er pynta med fine stoff, band, perler eller broderi. Karakteristisk for mønstringa er vekslande ruter med gradvis overlapping. Basert på denne mønstringa, er rutene i hardangerbanda også supplert med beine striper, skrålinjer, buer og sikksakklinjer - og med variert fargebruk.

I Setesdal møter vi også tilsvarande belte, som tidlegare har vore i dagleg bruk. På dei aller fleste banda frå dette distriktet er den dominerande mønsterdanninga eit jamt og delvis overlappande rutemønster, med variasjon berre i fargebruken. Setesdølene kallar belta for tevlingejure, fordi mønsteret består av ruter (sjå avsnitt om namnebruken nedanfor).  Framkantane er prydde med felt i løyesaum på mørkt/farga ullstoff (klede). Nokre belte har vakre spenner i metall (truleg sølv).

Namnebruk  

Gjuro: Etymologisk ordbok fortel at dette ordet kjem frå norrønt «gjǫrð» og tyder band, reim eller belte, særleg kring noko – t.d. omkring livet (livgjord). Vi kjenner igjen ordet også i bukgjord (hesteseletøy/til å spenna fast ridesalen) og i salgjord (held fast springfjører i eit stolsete). Andre former av ordet finst i «gard» (skigard, manngard, skjergard) i tydinga inngjerding. Det engelske «girdle» og det islandske «gjörd» har det same språklege opphavet.

Jure er ei anna avleiing av det norrøne ordet «gjǫrð».

Tevlingejure er ei jure som har vovne ruter. Denne ordbruken finn vi i Setesdalen. Det norrøne ordet «tafl» vart brukt om brettspel med brikker. Ivar Aasens ordbok viser til Tavla, f. som « Rude paa et Spillebræt; jf. Tavl.»

Pinnaband: Hardingane kallar også slike band for pinnaband, fordi dei liknar utsjånaden til desse. I ekte pinnaband er renningstrådane fletta omkring kvarandre og manglar innslagstråd (sprangteknikk) (Selland 2013). Sprangteknikkar kan daterast tilbake til bronsealderen.
 

Mønsterdanning

Mønsteroppsettet kan varierast rikt både i former og fargar. Vi finn flest variasjonar i Hardanger, færrast i Setesdal. Hardingane har leika seg meir med striper, linjer, buer og einsfarga felt, medan setesdølane har halde fast eit rutesystem, der bruk av mørke og lyse fargar skaper diagonale linjer.

Kvar finst det band på musea
Hardanger folkemuseum og Setesdalsmuseet har flest band i samlingane. Naturleg nok er også ein del innsamla materale innlevert og registrert hos Norsk Folkemuseum. Digitalt museum gjev også mange treff ved søkeord som belte, band, brikkevev, jure, tevlingejure, gjuro.

Voss folkemuseum har to band i samlingane. Begge er relativt grove, og registreringa viser at minst det eine er brukt til bukgjord som del av hesteseletøy frå 1800-talet. Materialet er opplyst til å vera lin, ler og metall.

Sogn folkemuseum har også eit slikt band, og det vart brukt som lindeband til spebarn (Selland 2013/2017)
Valdres folkemuseum eig tre vovne belte av ullgarn med lerreimer som attlat. (Karlberg 2015, s. 120)

Private eige. Det er truleg enno mange personar som har slike band i eige. Døme på dette er O. Olaussen frå Ullensvang som har belte som er arva gjennom fleire generasjonar. På baksida av belta er det tråkla fast notat med opplysningar om første kjende eigar, kven som var arvelatar (t.d personnamn f. 1849), om bandet hadde ukjend alder eller når det kom til gards frå kva for ein annan gard.

Valle vev/ Karin Bøe, Flateland, Valle i Setesdal vev tevlingejure i vevstol for sal og er truleg den einaste nolevande tradisjonsbærar i Setesdalen på dette området. Prosjektgruppa besøkte Karin Bøe i august 2017 og fekk ein interessant samtale med mykje informasjon om gamle tradisjonar. Bøe viser også til at det finst band hos private eigarar i Setesdalen, utanom dei som finst på musea.

Bruken av belta

Dei aller fleste banda som finst i musea har vore brukt til livgjord, belte rundt livet, - i Hardanger og Setesdal mest for kvinner. Valdres folkemuseum sine band høyrer til mannsdrakter (Karlberg 2015). Voss folkemuseum sine band har høyrt til bukgjord som hesteseletøy.

Forutan å vera til pryd, er hovudfunksjon til både band og belte å halda noko (t.d. stakk og bukse) på plass. I Setesdal var dette spesielt viktig. Fordi vadmålsstakkane er rimeleg tunge, er det beltet og ikkje akslane som ber hovudparten av tyngda (Rysstad 2017). Noss fortel at ei brur hadde både kvit-, svart- og raudstakk på seg samstundes, slik at klesdrakta vog mange kilo. Noss skriv også at «sumarsgjurde har vore til sundagsbruk. Det gjekk or bruk tidleg på 1900-talet» (Noss 2008, s.41).

I Setesdalen skil dei mellom lerjure (til kvitstakken), tevlingejure (sommarbelte til kvitstakken) og kyrkjebelte (til svartstakken). Før i tida var det ikkje allmeint akseptert at tevlingejure eller lerjure kunne brukast til kyrkjegang. (Bøe, 1999). Aagot Noss skriv at jure er til «ikkje-kyrkjebruk». (Noss, 2008). Kyrkjebeltet skal gå to gongar rundt livet med endane hengande ned framme. Dette beltet er vove på bandvevrei og med rik mønstring (sjå bilete). Lerjure og tevlingejure går ein gong rundt livet.

I eit intervju eg hadde med Oddrun Olaussen, Ullensvang i Hardanger (august 2017), fortel ho at bestemora Brita Skåltveit brukte pinnabeltet til søndags, t.d når ho skulle «ut» -  i kaffibesøk - eller kle seg litt ekstra fint.

Vevreiskap

Det er ikkje lett å sjå korleis banda er vovne. Bøe (1999) skildrar tre reiskap som alle kan brukast i dag og som har vore brukt i tidlegare tider. Det første er totråds brikkevev. Brikker er tynne, firkanta plater med hol der ein trer renningstrådane gjennom. Ved å dreia på brikkene, lagar ein nye skjel for innslag. Den andre reiskapen er bandvevrei, som er ei vevramme (om lag 150cm høg og 70cm brei med ståande renning) som er spesiell for Setesdal og delvis for Telemark. Det siste er ein tradisjonell flatvevstol som står på golvet.

Kva som er skrive før om gjure:
Annemor Sundbø (1975) publiserte ein artikkel i Norsk husflid, der ho gjennomgår veveteknikken for jurene i Setesdal med totråds brikker som reiskap.

Gauslaa, Torbjørg og Skøre, Anne Marie (1979) laga ei analyse av beltet VF10172 frå Valdres folkemuseum og at dette beltet kan ha vore brikkevove.

Baudonnel, Pascal (1979): skreiv i  Norsk husflid om at banda kan vevast enklare i bandvevrei enn med brikker.

Peter Collingwood (1982) skriv at gjuro høyrer til kvinnedrakta i Valle i Setesdalen og viser til Sundbø sin artikkel i Norsk Husflid (1975). Han forklarer teknikk og skildrar gjuro som ein variant av «hopsack» med varpflotteringar, og at ein kan skapa diagonaleffekt ved å bruka mørke og lyse fargar medvite (s. 148). Hopsack er ein veveteknikk som gjev ei overflate som liknar på korgfletting.

Karin Bøe (1999) publiserte artikkelen «Tevlingejura» i avisa Setesdølen, der ho fortel om bruk og veveteknikk, med referanse til eigne og andre (Grostøl, Midtun) sine informantar.

Liv Rumohr Selland (2013) har skrive semesteroppgåve om gjuro i samband med studiet Tekstilkultur 2. på Vestnorsk kulturakademi, Voss. I oppgåva analyserar ho bandet HFU17917 frå Hardanger med omsyn til mønsterbygging, garnkvalitetar og veving med brikker kontra skaftvev.

Magny Karlsberg (2015) skriv i boka «Frå Versailles til Valdres» at det var endring i draktskikken på 1700-talet, spesielt for menn. Då vart det bruk for breiare belte til fest og høgtidsbruk, for å halde på plass vest og brok (s. 120). Ho nemner eit skifte som viser til «Vestemandzbelte» som ein viktig eignelut. Breie belter kunne vera laga av ullplyss fora med ler, eller de var mønstervovne eller broderte. Ho skriv at Valdres folkemuseum eig tre vovne belte av ullgarn med lerreimer som attlat. Bileta viser to vovne ullbelte med stor likskap til tevlingsjurene frå Setesdal. Eitt av belta ho viser, er i privat eige (s. 121).

Handel og giftarmål

I tidlegare tider har det vore stor handelsferdsle mellom aust og vest, og at det var naturleg at både ferdige band og kunnskap om veveteknikk spreidde seg via ferdselsvegane (slepene), mellom aust og vest og mellom nord og sør. Banda kan ha vore salsvarer som skreppekarane bar med seg, eller dei har funne nye heimar i nye distrikt ved giftarmål.

Kvar belta har opphavet sitt, er uvisst. Men det som er sikkert, er at både hardingane og setesdølene sette sitt eige preg på dekor og mønster og skapte dermed sin eigen, vakre og særeigne tradisjon.

Takk

Prosjektgruppa takkar Hordaland husflidslag for økonomisk stønad til forskingsreisene våre. Vi rettar ein særskild takk til Valle vev, Hardanger folkemuseum, Voss folkemuseum og Setesdalsmuseet for velvillig innsyn i utstillingar og lagra samlingar - og for gode samtalar. Stor takk også til Oddrun Olaussen i Hardanger og Marit Bergland Rysstad i Setesdal for faglege og interessante samtalar om regionale draktskikkar, finurlege tekstilteknikkar og ikkje minst stor gjestfridom og vilje til å dela kunnskap.

Litteratur:

  • Baudonnel, Pascal (1979): Gjuro enda engang. Artikkel i Norsk husflid
  • Bøe, Karin (1999): Tevlingejure. Artikkel i Setesdølen 23.02.
  • Collingwood, Peter (1982): The Techniques of Tablet Weaving. Robin  Russ Handweavers, Inc.
  • Falk, Hjalmar og Torp, Alf (1994): Etymologisk ordbog over det norske og danske sprog. Bjørn Ringstrøms Antikvariat, Oslo
  • Karlberg, Magny (2015): Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise. Skald forlag
  • Nynorskordboka. Definisjons- og rettskrivingsordbok, Oslo 1986 Det norske samlaget
  • Noss, Aagot (2008): Stakkeklede i Setesdal. Byklaren og valldølen. Institutt for sammenlignede kulturforskning. Novus forlag.
  • Selland, Liv Rumohr (2013): Derifrå til dit. Om gjuro. Voss. Semesteroppgåve, Vestnorsk kulturakademi, Tekstilkultur 2.    (2017): munnleg informasjon.
  • Skøre, Anne Marie og Gauslaa, Torbjørg (1979): Er dette Storebror til Gjuro frå Valle i Setesdalen? Artikkel i Norsk husflid
  • Sundbø, Annemor (1975): Om gjuro, belter frå Valle i Setesdal. Artikkel i Norsk husflid nr 2
  • Aasen, Ivar — Norsk Ordbog med dansk Forklaring (1873) http://www.edd.uio.no/aasen/aasen1873.html#ariadne=[[|tavl|,|oppslag|,|1873|],[|582868|,0,|Tavl|]]

Samtalar og intervju 2017

  • Oddrun Olaussen, Ullensvang i Hardanger, er dotter til Gudrun Stuland og dotterdotter til Brita Skåltveit. Ho har vakse opp i eit kvinnefellesskap med unike tekstilkunnskapar.
  • Marit Bergland Rysstad, Setesdal er ein tradisjonsbærar som har delt med oss av sine rike draktmaterielle og immaterielle skattekister.

Bilete: Mønsteroppsett frå Setesdal

Annonsere i bladet?

Abonnér på Norges største og eneste fagblad om husflid og håndverk!

Les mer

En utfordring for mange som jobber i små næringer er at det er få møteplasser og tidvis liten kontakt med andre utøvere av faget.  I en tid hvor enkelte aktører flagger ut produksjon og endel kunder tilsynelatende synes dette er helt greit er det ekstra viktig å møtes og snakke om utfordringer i fag og næring. I tillegg er det også viktig å bli kjent med flere i bransjen og utvide nettverket sitt.

I et rom på Larvik Læringssenter arbeider fem velvoksne menn i dyp konsentrasjon. De maler og syr, skjærer og snekrer. I noen kreative måneder har treverk og skinn blitt til vakre trommer og fargerike rytmeinstrumenter og er resultatet av et samarbeid mellom Vestfold Fylkeskommune, husflidskonsulenten i Vestfold, Vestfold husflidslag og Larvik læringssenter.

Fra husflidhåndverker Camilla Bjørn i Norsk Husflid 1/2018: Jeg har arbeidet kreativt så lenge jeg kan huske, og hendene er mitt redskap. De senere årene har dører åpnet seg for meg, jeg får blant annet utøvd min kunst gjennom nettverksgruppen «Kvinnene fra havet».

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.