Alternativ til Interiør- og designmesse

I år er dessverre design- og interiørmessa Oslo Design Fair avlyst på grunn av Korona.  Dei siste åra har Norges Husflidslag arrangert felles stand for Norske Husflidhåndverkarar på denne messa for å vise fram husflidhandverk til innkjøparar og butikkar.  No lanserer Norges Husflidslag ein portefølje som eit alternativ til messe.

Norske Husflidhandverkarar er ei medlemsguppe i Norges Husflidslag. Dei tel om lag 170 medlemmer over heile landet og felles for dei er at dei har husflid som næring.

— Me ser at det er vanskeleg for mange småprodusentar no i denne tida. Mange husflidhandverkarane merkar Koronakrisa i form av avlyste salsmesser, stengde butikkar og endra kjøpemønster, seier Marit Jacobsen, direktør i Norges Husflidslag.

— Vårt ønske er å løfte fram husflidhandverk. Kortreiste produkt og lokal produksjon, gode materialar og høg kvalitet er kjenneteikna. Holdbart handverk altså. Det er kjekt å få tilbakemeldingar frå butikkane våre om at det er ei aukande interesse for disse produkta, held Jacobsen fram.

12 handverkarar deltek i porteføljen og presenterer sitt firma og nokre smakebitar av det dei har å tilby butikkane. Dette er produkt i mange ulike teknikkar og materialar og både sølv, keramikk, tekstil og tre er representert i porteføljen.
 

Fleire bein å stå på

— Dette er ein fin sjanse å få vist oss fram og halde oppe merksemda hjå butikkane og forbrukarane no i denne vanskelege tida, seier husflidhandverkar Grethe Othilie Gullaksen. Ho driv bedrifta Othilie keramikk og har delteke på Oslo Design Fair i ei årrekke.

Ho har hatt ein travel sommar med stor pågang både i butikk og kurslokale i Brekkestø.

— Eg har merka ein stor auke i direktesal til turistar i sommar. I tilegg held eg kurs, men det er viktig for meg å ha fleire bein å stå på. I rolege periodar er det fint å kunne jobbe med varer for engrossal. Eg opplever at det å selge mange stader gir merkevara mi meir tyngde og gjer produkta mine meir kjend for fleire. For meg er porteføljen ein fin måte å nå innkjøparar, seier Gullaksen.

Norges Husflidslag har 35 medlemsbutikkar.  Husflidenbutikkane er fordelt over store delar av landet. Porteføljen er sendt ut i posten og kjem til butikkane i disse dagar og der kan dei finne kortreiste og haldbare handverksprodukt av høg kvalitet.
 

  • Les meir om husflidhandverkarane her
  • Følg gjerne Norske Husflidhandverkere på Facebook
  • Norges Husflidslag sin kampanje Holdbart Håndverk på Instagram
  • Her finn du oversikten over alle 35 Husflidenbutikkane

1

2

30 juni 2021, Den danske Design- og Håndværksefterskole i Skjern, Danmark

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.