«EIN KUBBE TIL Å STOLE PÅ»

Husflidsutstillinga på Dyrsku’n har eksistert sidan 1962, og syner innsendte arbeid frå Husflidstevlinga, arbeid gjort av studentar frå Høgskolen i Sørøst-Norge, samt ei særutstilling. Årets særutstilling, «Ein kubbe til å stole på», sett fokus på den tradisjonelle norske kubbestolen, og på korleis me kan ta med oss denne tradisjonen vidare inn i framtida. 

Frå Norsk Husflid 3/2017

Kubbestolmakarane har alltid vore sterkt representerte i Husflidstevlinga og –utstillinga på Dyrsku’n, og har slik synleggjort ein ubroten tradisjon som går heilt tilbake til Mellomalderen og sannsynlegvis til vikingtida her i Noreg. Særleg i skogsbygdene på Aust- og Sørlandet har kubbestolen stått sterkt, og spesielt i Telemark og Setesdal.

Dei siste åra har det imidlertid blitt stadig meir tydeleg at kubbestolmaking er ein tradisjon som er på vikande front, og handverket er nå raudlista av Norges Husflidslag. Det er uhyre få som kan vidareføre kunnskapen, og dersom me framleis ynskjer at kubbestolen skal vera ein del av vår felles kulturarv, er dette ein trend som må snuast om på no.

Utstillinga «Ein kubbe til å stole på» er eit samarbeid mellom Dyrsku’n Arrangement AS, Norges Husflidslag og Vest-Telemark Museum. Utstillinga vil ta publikum med på ei reise frå skog og rått emne, til tidlege og forholdsvis enkle eksemplarer og vidare til meir dekorerte stolar med rosemåling og utskjæringar, slik me kjenner dei frå vår tid.

Den siste delen av utstillinga syner vegen vidare, og inneheld eit spanande kunstprosjekt, signert Darija Sapozenkova-Hauge, der ein tradisjonell kubbestol frå Telemark er dekorert på spenstig vis med Darija’s krusedullar. Her er og LK Hjelle Møbelfabrikk sin stilreine stolserie «Eva», utforma av designduoen Anderssen & Voll og inspirert av den norske kubbestolen. Denne møbelserien vant Designprisen 2010, med god omtale av blant anna sittekomfort.

I tillegg er møbelsnekker Audun Rhønebæk Stikbakke utfordra til å lage kubbestolen 2017, og rosemålar Vivian Grieg Teisner skal dekorere sin versjon av kubbestolen 2017.

Nevnast bør og Vest-Telemark Museum si utstilling i Gonge-stogo under Dyrsku’n, som gjev eit historisk perspektiv på kubbestolen, og at det vil bli demonstrasjon av kubbestolmaking på Sterke Nils-tunet.

Tanken bak heile utstillinga er å vekke publikum opp og la dei få sjå kor flott kubbestolen er. La dei få sjå at det finst mange mogeleghetar til å ta med oss denne tradisjonen vidare, og at kubbestolen fremdeles har sin plass i norske heimar. Og dersom utstillinga kan vera med på å inspirere nokon til å lære seg handverket, eller til å utvikle sine eigne versjonar av kubbestolen, så har utstillinga verkeleg hatt sin misjon.

I tillegg til å bli synt fram under Dyrsku’n 2017, vil utstillinga og bli synt fram, enten delvis eller i sin heilhet, under den internasjonale organisasjonen North Atlantic Forum sin konferanse ved Høgskolen i Sørøst-Norge, campus Bø, veka etter Dyrsku’n.

Foto: Eva-stolen fra Anderssen og Voll

14 april 2018 10:00, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum

23 april 2018, Hjerleid, Dovre

1 juni 2018

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.