Eitt år for trehendte i fjellbygda Dovre!

Handverksskolen på Hjerleid, Dovre har eit par ledige plassar på Vg2 Design og trearbeid. Dette studiet har hovudvekt på treskjering, men ein lærar mange teknikkar i arbeid med tre som materiale. Dette er eit årskurs, og det er mogeleg å ta læretid etterpå.

Kurset byggjer på Vg1 Design og Handverk, men alle med interesse kan søkje. Undervisninga følgjer offentleg godkjent læreplan, og skolen er godkjend av Lånekassen.

Skulen har dyktige faglærarar og utstrakt bruk av gjestelærarar, som er utøvande handverkarar frå heile Norden.

Med treskjerarutdanning frå Hjerleid kan du arbeide som sjølvstendig treskjerar eller møbelsnikkar. Dette er og eit godt utgangspunkt for vidare utdanning og arbeid som t.d. konservator, arkeolog, instrumentmakar, kunst- og handverkslærar med meir. 

Vi har også ei smedlinje, men den er heilt full!

Dersom du kunne tenkje deg eit lærerikt år på ein stad med lange tradisjonar for godt handverk og med eit unikt fagmiljø, så søk deg til Handverksskolen på Hjerleid. Meir informasjon finn du på www.hjerleid.no og  https://www.facebook.com/Handverksskolen

 

Vennlig hilsen Helle Hundevadt, rektor

 

Om Handverksskolen

Handverksskolen på Hjerleid, Dovre har for tida landets einaste vidaregåande skuletilbud i treskjering og smiing, som båe er verneverdige handverksfag.

Handverksskolen er ein privat skule eigd av to ideelle organisasjonar: Stiftelsen Norsk Kulturarv og Studieforbundet kultur og tradisjon.

Undervisninga på Handverksskulen er i hovudsak praktisk med ca 35 timar på verkstaden i veka. Det er tilbod om å ta allmenne fag for dei som ønskjer det, og vi kan ta inn vaksne søkjarar også.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.