Fagdagane i bunad og folkedrakt 2021: Kvinner i bunadshistoria

Fagdagane finn vegen tilbake til Fagernes 25. og 26. oktober, og det er ei glede å kunne ønskje velkomen til to dagar med inspirasjon, interessante foredrag, bunadsutstilling, kurs og festmiddag. Det faglege står høgt i setet, men det gjer også det sosiale samværet. Fagdagane er for alle som jobbar med, og er interessert i folkedrakt og bunad.

 

Velkomen til Fagdagane i bunad og folkedrakt

Årets tema: Kvinner i bunadshistoria

Dato: 25. og 26. oktober

Stad: Scandic hotell Valdres og Valdres folkemuseum

Meld deg på her: påmelding

 

Arrangementet finn stad på Scandic hotell Valdres. Det blir også lagt opp til besøk på Valdres folkemuseum og den nye utstillinga «Fyrstedamar i bunad». I tillegg til foredrag og utstilling vil du som deltakar ha moglegheit for å melde deg på kurs i ulike småteknikkar.

Les meir om programmet her.

Sjå arrangementet på Facebook.

 

Fagdagane blir i 2021 arrangert for 8. gong, og er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Noregs UngdomslagStudieforbundet kultur og tradisjonNorsk Folkedraktforum og Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.