Fagdagane i bunad og folkedrakt

29 aug 2016 - 30 aug 2016 00:00, Fagernes

Broderi: Importvare eller kulturarv? Norges Husflidslag sammen med Studieforbundet kultur og tradisjon, Noregs Ungdomslag, Institutt for bunad og folkedrakt og Norsk folkedraktforum inviterer til "Fagdagane i bunad og folkedrakt" med broderi som tema!

Velkomen til Fagdagane 2016, eit seminar og ein møteplass for alle drakt- og bunadinteresserte! I år er fokus sett på handverka som er grunnlaget for bunadene våre, og ved å ta utgangspunkt i bunadbroderiet vil vi drøfte bevaring, opplæring og bærekraft i bunadproduksjonen.

Fagdagane 2016 inneheld foredrag, handverksdemonstrasjonar, praktiske kurs og bunadparade, i tillegg til salsmarknad. Her kan du  melde deg på ulike foredrag og kurs, samt bestille overnatting. Deltakaravgift: 1500,- kr.

Program

Måndag 29. august 2016

Fagernes hotell

  • 12.00    Registrering/Lunsj
  • 13.00    Opprop
  • 13.15    Velkomen ved alle arrangørane
  • 13.30    Innleiande foredrag: Kari Anne Pedersen
  • 14.00    Innleiande foredrag: Oli Lilletvedt
  • 14.30    Bli kjende!
  • 14.45    Kaffipause med småmat
  • 15.15    Bunadtilverkarar og delprodusentar, ved Mette Vårdal
  • 15.45    Spørsmål /diskusjon
  • 16.00    Pause
  • 16.20    Tenestedesign og kunnskap i bunadnæringa ved masterstudent Ann Viola Ulvin.
  • 18.30    Fotografering
  • 20.00    Festmiddag i bunad

Tysdag 30. august 2016

På Valdres folkemuseum

  • 09.00    Stoffmesse opnar, er open hele dagen
  • 10.00    Ulike verkstadtilbod
  • 12.00    Lunsj: Matpakker i det fri
  • 13.00    Ulike  verkstadtilbod og foredrag ved Kirsti Kolle Grøndal.
  • 15.00    Avslutting i amfiet med innlegg fra Anette Trettebergstuen, kulturpolitisk talsperson i Arbeiderpartiet
  • 16.00    Program slutt

Funnet ut at du vil vere med? Send ein epost til sverre@husflid.no - vi har fortsatt nokre få ledige plasser!

For ein smak på kva Fagdagane er kan du lese artiklar fra 2015-arrangementet her. 

Foto: Laila Duran

8 mai 2021

30 juni 2021, Den danske Design- og Håndværksefterskole i Skjern, Danmark

30 aug 2021

7 mai 2022

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.