Fagdagar i bunad og folkedrakt 28.-29. august

Velkommen til Fagdagane 2014 på Valdres folkemuseum, eit seminar og møteplass for alle drakt- og bunadinteresserte. 

Det årlege seminaret på Fagernes er eit samarbeid mellom Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norges Husflidslag, Norsk folkedraktforum, Noregs Ungdomslag og Studieforbundet Kultur og Tradisjon.

Hovudtema i år er tilverking og dekor av skinn, med demonstrasjon av handverk, messe med stoffprodusentar, paneldebatt og ei rekkje interessante kurs og foredrag.

På programmet:

  • Kurs i skinnsaum
  • Kurs i farging av ullgarn
  • Foredrag om tilverking og bruk av skinn i eit internasjonalt perspektiv, med Lotta Rahme
  • Foredrag og demonstrasjon i skinnarbeid ved Duodji-instituttet i Kautokeino

Deltakaravgift: 1500,- kr.

For meir informasjon om kurs, transport og overnatting, sjå www.bunadogfolkedrakt.no

Påmelding innan 15. juli til: camilla.rudrud@bunadogfolkedrakt.no Tlf 61 36 62 55

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.