Fagdagen i bunad og folkedrakt 2020

Er du interessert i, eller jobber med bunad og folkedrakt? Delta på Fagdagen i bunad og folkedrakt—påmeldinga har no opna!

Foto: Heidi Fossnes

 

For å overhalde smittevernomsynet går vi frå to dagar til ein dag i år, derav «Fagdagen» og ikkje «Fagdagane». Deltakarane kan likevel glede seg til ein sosial, fagleg og inspirerande dag!

  • Stad: Scandic Solli, Oslo
  • Tid: 10.00-16.00, måndag 26. oktober
  • Påmelding: deltager.no/fagdagen2020 Oppdatering 10. september: Fagdagen er fullteikna

På programmet kan vi blant anna freiste med foredraga «Historiske rekonstruksjonar frå Ryfylke og Østfold» med Målfrid Grimstevdt (Ryfylke) og Kari Filberg (Østfold), «Ingen bunad utan eit mangfald av produsentar» med Marianne Lakselv, dagleg leiar ved Norsk Flid Husfliden Tromsø, og «Fellesskap i form—lom normgjevande skikkar med døme frå hus og båtar» med Jon Godal.

 

Det vil vere færre billettar tilgjengeleg i år enn tidlegare, så det kan vere lurt å vere tidleg ute med å sikre seg billett.

Sjå programmet. Arrangementet er fullteikna.

 

Årleg arrangerar Norges Husflidslag saman med Studieforbundet kultur og tradisjon, Noregs Ungdomslag, Institutt for bunad og folkedrakt og Norsk folkedraktforum "Fagdagene i bunad og folkedrakt". Fagdagane er for alle som er interessert i bunad.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.