Eitt år med handverksfag i fjellbygda Dovre!

No er det tid for å søkje på Vg2 design og trearbeid. Dette studiet har hovudvekt på treskjering. Eller på Vg2 smed.

Begge er årskurs, men det er mogeleg å ta læretid etterpå.
Kursa byggjer på Vg1 design og Handverk, men alle med interesse kan søkje!

Handverksskolen på Hjerleid, Dovre har for tida landets einaste vidaregåande skuletilbud i treskjering og smiing som båe er verneverdige handverksfag.Handverksskolen er ein privat skule eigd av Norsk Kulturarv og Studieforbundet kultur og tradisjo

Undervisninga følgjer offentleg godkjent læreplan, og skolen er godkjend av Lånekassen.

Skulen har dyktige faglærarar og utstrakt bruk av gjestelærarar som er utøvande handverkarar frå heile Norden.

Med treskjerarutdanning frå Hjerleid kan du arbeide som sjølvstendig treskjerar eller møbelsnikkar. Dette er og eit godt utgangspunkt for vidare utdanning og arbeid som t.d. konservator, instrumentmakar, kunst- og handverkslærar med meir. 

Eit år med på smedlinja gir deg eit godt grunnlag i varmebehandling av metall og formgiving, slik at du kan arbeide med mekaniske fag, i industrien eller som handverkar, kunstnar, lærar, på museum osb.
Undervisninga på Handverksskulen er i hovudsak praktisk med ca 35 undervisningstimar på verkstaden pr uke. Det er tilbod om å ta allmenne fag for dei som ønskjer det og vi har lov til å ta inn vaksne søkjarar.
Dersom du kunne tenkje deg eit lærerikt år på ein stad med lange tradisjonar for godt handverk og med eit unikt fagmiljø, så søk deg til Handverksskolen på Hjerleid. Meir informasjon finn du på www.hjerleid.no ogwww.facebook.com/Handverksskolen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.