Husflid på Dyrsku'n

Under Noregs største landsbruksmesse, Dyrsku'n i Seljord, 14.-16. september er Norges Husflidslag godt representert! Du kan mellom anna få med deg den årlege husflidssutstillinga og ikkje minst fleire aktivitetar for born! Eit høgdepunkt i år blir debatten om norsk ull, kor heile verdikjeda frå bonde til forbrukar møtast til samtale og diskusjon.

Debatt om norsk ull

Saman med Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norilia inviterer Norges Husflidslag for første gang til ulldebatt på den tradisjonsrike landbruksmessa. Verdikjeden møtes til samtale og diskusjon om den norske ulla på Dyrsku'n! Etterspørselen øker, forbrukerne ønsker bærekraft og kvalitet mens næringa presses av ytre faktorer. Kan bondens inntekter fra ulla dobles?

I panelet sitter:

  • Stein Terje Moen, Norilia
  • Trine Norheim, Gudbrandsdalens Uldvarefabrik
  • Ingun Grimstad Klepp, Forbruksforskningsinstituttet SIFO
  • Merete Furuberg, Norsk Bonde-og Småbrukarlag

Ordstyrer er Sølvi Westvang, Norges Husflidslag.

Debatten er en del av fagprogrammet under Dyrsku'n, og finner sted fredag 14. september klokka 13-14.

Husflidstevlinga

Totalt 158 produkt er bedømte i dei seks kategoriane i år. 107 produkt er premierte, og av desse har 20 arbeid nådd opp til ein 1. premie. Pro-dukta tevlar ikkje mot kvarandre, men blir vurdert opp mot gitte kriterier. Difor kan det vera fleire med same premiegrad i same klasse.

Premieuteling sundag 16. sept. kl. 15.00 i Hall B. Opent for publikum. 

Årets særutstilling «Norsk ull – kvalitet i særklasse»

Årets særutstilling syner utstillinga «Norsk ull – kvalitet i særklasse», som set fokus på kvalitet, brukseigenskapar og bruksområde for den norske ulla.

Kristin Holte er hovudutstillar med sine Krotekofter, og i tillegg er andre ullvareprodusentar som Varp&Veft, Krivi Vev, Selbu Spinneri, Lofoten Wool, Telespinn AS, Fredriksens Fabrikk og Tone-Lise Duaas med på å syne det store mangfoldet.

Studentutstilling

Studentar ved Universitetet i Sørøst-Norge, campus Notodden og Rauland syner fram eit variert utval av arbeid laga skuleåret 2017/2018. Her finst vakre smykke, smidde knivar og verktøy, strikka kjolar og møblar i tre.

Stoppestaden

Stoppestaden i Hall B vert stopping av ullplagg synt fram, saman med Annemor Sundbø si sokkesamling. Det vil og vera mogeleg å prøve seg på å stoppe.

Gjesteutstillarar

Dei dyktige handverkarane Steven Carpenter, Johild Mæland og Linda Lind er inviterte til å syne fram arbeida sine innan kategoriane smiing, rosemåling og sylv.

I tillegg syner me ei æresutstilling av arbeida etter møbelsnekkaren og treskjæraren Olaf Opsund (f. 1880, d. 1961).

Ung Husflid i buret

I tillegg til å samarbeide med Telemark Husflidslag om aktiitetar knytt til ull i Dalane skule, har Ung Husflid aktivitetar i tre for barn og unge i Buret.

Telemark Husflidslag i Dalane skule

I Dalane skule held Telemark Husflidslag til med ei utstilling av ullplagg og med aktivitetar knytt til ull for barn, i samarbeid med Ung Husflid.

Vest-Telemark Museum i Gongestogo

I Gongestogo syner Vest-Telemark Museum fram reiskap og prosessar knytt til ull og bearbeiding av ull.

Sterke-Nils tunet

På Sterke Nils-tunet kan ein bl.a. sjå smiing av reiskap knytt til ull, i tillegg til andre handverksteknikkar.

Heile programmet for årets Dyrsku finn dere her.

Foto: Per Lande (Norsk Bonde- og Småbrukarlag)

11 okt 2018 10:00, Bergen

12 okt 2018, Veita plan 3, Tromsø

2 nov 2018 12:00, Stormen bibliotek, Bodø

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.