Husflidstevlinga 2017

Dyrsku'n feira 150 år i 2016, og får kvart år besøk av over 90.000 gjester og 740 utstillarar. Innan husflid og handverk har det vore tevla sidan 1963. Påmeldinga til den tradisjonrike husflidstevlinga for 2017 er open, og vi håpar mange meld seg på!

Den årlege husflidstevlinga på Dyrsku'n speglar dei rike husflids- og handverkstradisjonane våre, og har som siktemål å syne fram både kvalitet, mangfald, tradisjon og nyskapning. Samtidig skal tevlinga stimulere til kunnskapsformidling og auka rekruttering. 

Gjennom Husflidstevlinga Dyrsku'n 2017 skal vi ta vare på denne tradisjonen, like mykje som målet er å stimulere til nyskaping og rekruttering, samt å ha fokus på kvalitet.

Dyrsku'n har i år eit særskild fokus på kubbestol gjennom særutstillinga, "Ein kubbe til å stole på", og vi oppmodar deltakarar til å la seg inspirere til nytenking rundt dette emnet.

Dei beste produkta frå tevlinga vert stilt ut i Hall B under Dyrsku'n saman med årets særutstilling. 

Vi ynskjer med dette å invitere til deltaking i Husflidstevlinga og -utstillinga Dyrsku'n 2017.

Søknadsskjema til årets tevling finn du her. 

Kven kan delta? 

Både dei som har handverket sitt som hobby og dei som driv profesjonelt er velkomne til å delta. Elevar, studentar, lærlingar og elles andre som er i ein læresituasjon er særs velkomne til å bidra. 

Kvifor delta?

Du får produktet ditt vurdert av ein fagjury valt ut av Norges Husflidslag, og du får konstruktive tilbakemeldingar.  I tillegg vil det å delta vere med på å marknadsføre og synleggjere deg som handverkar og produsent.

Påmeldings- og innleveringsfrist er måndag 21. august.

Våre prisar: 

  • HEIDERSPRISEN skal gå til ein eller fleire personar som over lengre tid har gjort ein innsats utover det vanlege innan husflidsfeltet
  • NYSKAPINGSPRISEN vert dela ut under mottoet "Nye skot frå gamle røter". PRisen er ein gåvesjekk på kr. 5000,- samt eit diplom
  • STIMULERINGSPRISEN vert dela ut til ein handverkar som utmerker seg med særs godt arbeid. Prisen er ein gåvesjekk på kr. 5000,- samt eit diplom
  • DIPLOM FOR GODT HANDVERK blir dela ut av Norges Husflidslag, og kan bli dela ut til opp til tre deltakarar

Alle prisane er eit heiders- og kvalitetsstempel, og blir gjeve til inspirasjon for vidare arbeid. 

Meir info finn du på heimesida til Dyrsku'n. 

27 okt 2017, Best Western Oslo Airport Hotel Gardermoen

30 okt 2017 10:00, DogA - Norsk design- og arkitektursenter

1 juni 2018

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.