Husflidtevlinga open for påmelding!

Den årlege husflidtevlinga- og utstillinga på Dyrsku'n er open for påmelding, og ferske og erfarne handverkare innan tre, tekstil, sylv, rosemåling, smiing og kniv kan delta. Nytt sjansen til å vise fram handverket ditt til dei 90 000 som besøk Dyrsku'n i Seljord!

Dyrsku'n har som siktemål å syne fram kvaliteten og mangfaldet husflids- og handverksfeltet har å by på, samt å stimulere til kunnskapsformidling og auka rekruttering. Husflidtevlinga er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag og Dyrsku'n.

Dyrsku'n feira 150 år i 2016 og får kvart år besøk av over 90.000 gjester og 750 utstillarar. Innan husflid og handverk har det vore tevla sidan 1963, og fokuset har hovudsakleg vore på tradisjonelt handverk, gjerne knytt opp mot landbruket.

Gjennom Husflidstevlinga Dyrsku'n 2018 skal vi ta vare på denne tradisjonen, like mykje som målet er å stimulere til nyskaping og rekruttering, samt å ha fokus på kvalitet.

Vi har i år eit særskild fokus på norsk ull, blant anna gjennom gjennom særutstillinga «Norsk ull – kvalitet i særklasse». Hovudutstillar er Kristin Holte, som syner sine krotekofter, og vi oppmodar deltakarar til å la seg inspirere av dette. 

Som ei vidareføring av fjorårets utstilling «Ein kubbe til å stole på» oppmodar vi og deltakarar til å sende inn kubbestolar, gjerne i ny drakt. 

Kven kan delta?
Både dei som har handverket sitt som hobby og dei som driv profesjonelt er velkomne til å delta. Elevar, studentar, lærlingar og elles andre som er i ein læresituasjon er særs velkomne til å bidra.

Kvifor delta?

Du får produktet ditt vurdert av ein fagjury og du får konstruktive tilbakemeldingar. For å sikre fagtyngda i dette arbeidet har Dyrsku'n eit samarbeid med Norges Husflidslag. I tillegg vil det å delta vere med på å marknadsføre og synleggjere deg som handverkar og produsent, samt at du er med på å sette fokus på husflid og handverk.

Påmeldings- og innleveringsfrist er fredag 24. august 2018

Last ned påmeldingsskjema og rettleiing her.

Velkomen som deltakar på Husflidstevlinga på Dyrsku'n 2018!

23 jan 2019 17:30, Thon Hotel Opera, Oslo

26 jan 2019 10:00, Notodden

3 april 2019, Rauland

23 april 2019, Hjerleid, Dovre

7 juni 2019, Vågå

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.