Interessert i handveving?

Allereie onsdag 09. mars startar ei ny kursrekkje i vev i Rauland. Det er nokre få plasser att, spring og meld deg på!
Undervisninga blir halde i lokala til Rauland Husflidslag 09. – 13. mars 

Vevopplæringa er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Kursrekkja består av sju modular, og til saman skal dette gje deltakarane ei brei innføring i handvevarfaget. Kursrekkja er open for alle som ønskjer å lære meir om veving, enten som grunnlag for fritidsinteresser eller næring. Det er mogleg å ta heile kursrekkja, eller berre enkeltmodular. Modulane er lagt opp etter vanskegrad med atilrådd rekkjefølgje. Dess lenger ut i kursrekkja ein kjem, dess meir forkunnskap vil kursa krevje.

Kursavgift kr. 2750,- . I tillegg kjem utgifter til kost og losji. 

Informasjon og påmelding skjer via Studieforbundet kultur og tradisjon tlf.: 61 21 77 50 eller send ein e-post til linda@kulturogtradisjon.no.

Foto: Fra husflidhåndverker Charlotte Engstad, Stellaria.

8 mai 2021

30 juni 2021, Den danske Design- og Håndværksefterskole i Skjern, Danmark

30 aug 2021

7 mai 2022

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.