Norges Husflidslags landsmøte i kreative Møre og Romsdal

Når Norges Husflidslags landsmøte kjem til Molde 1. til 3. juni, er det til ein by og eit fylke med sterk tradisjon for husflid som næring. Å samle husflidslag, butikkar og handverkere frå heile landet i Møre og Romsdal gir absolutt meining i ei tid kor interessa for det norskproduserte er stadig aukande.

Landsmøtet er Norges Husflidslags øvste organ, og annakvart  år samlast deltakarar frå heile landet for å legge retninga for organisasjonen framover, og for å lære meir om husflid og kulturarv i fylket som er vertskap. Vertskapet viser fram handverkere og bedrifter som lever av tradisjonshandverk i Møre og Romsdal.

Direktør Marit Jacobsen er imponert over husflidsnæringa i fylket - Det er unikt og imponerande å vere i eit fylke med sterke lokale bedrifter slik som Krivi vev, Rauma ullvarefabrikk og husflidsbutikkane i Molde, Ålesund, Kristiansund og Surnadal. Dei er gode døme på korleis  det er mogleg å leve av tradisjonshandverk utan å inngå kompromiss  på kvalitet.

Ein «pilgrimstur» til Rauma ullvarefabrikk er ein av tinga som står på programmet for dei nær 150 deltakarane frå heile landet som kjem til Molde denne helga. Rauma er ei bedrift som har greidd å halde på norsk produksjon i snart nitti år, og som i dei siste åra har hatt ein stor oppsving.

- Stadig fleire ser verdien i å kjøpe produkt med lokal tilknyting basert på tradisjonell kunnskap. Det handlar om identitet, og å vite at det ein får er kvalitet og bærekraftig produsert. Ei viktig prioritering for Norges Husflidslag er å legge til rette for at det skal vere mogleg å drive handverk i Norge, og vi håper deltakane på landsmøtet lar seg inspirere av opphaldet i Møre og Romsdal! seier direktør Marit Jacobsen

I tillegg til å vere organisasjonens øvste organ kor ein legg strategi for å fremje  husflid som kulturarv og næring, er landsmøtet ein reell husflid- og kulturfest. Arrangøren Møre og Romsdal husflidslag sørgjer for at deltakarane på landsmøtet også får smake på fleire sider av fylket, og det blir fleire utstillingar som er opne for publikum.

Utfyllande informasjon om programmet finn de på husflid.no.

For meir informasjon om landsmøtet, kontakt

  • Direktør i Norges Husflidslag, Marit Jacobsen på 915 80 781 / marit@husflid.no
  • Fylkesleiar i Møre og Romsdal Husflidslag, Gunvor Dyvik Friisvold på 902 66 449 / gunvor.friisvold@mrfylke.no

Foto: Landsmøtehotellet Seilet i Molde

3 aug 2018, Sandefjord

8 aug 2018, Romerike folkehøgskole

9 aug 2018, Norsk skogmuseum, Elverum

27 aug 2018, Fagernes

1 sep 2018

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.