Ny kursrekkje på Vevopplæringa

Ny kursrekkje på Vevopplæringa startar opp 3. april 2019 på Rauland. Her har vi nokre ledige plassar att. Hiv deg rundt og meld deg på!

KURSREKKJE 2019-2022 

Modul 1 Moglegheiter i veven - innføring og utforsking 03. - 07.april 2019, Rauland

INNHALD - Kva er ein vev? - Begrep og faguttrykk - Lese og forstå vevoppskrifter - Bruke ulike garnkvalitetar - Oppsetting av vev: - Lage renning, sveipe, tre, knytte ned. - Veve eigne mønstre/teksturar - Avslutte veven - Innføring i vevteori - Eit blikk på vevhistoria - Vegen til sveinebrev - Klargjering av enkle formomgrep.

Ei kursrekkjekan vera ein del av løpet til sveinebrev.

Vevopplæringa er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Kursrekkja består av sju modular, og til saman skal dette gje deltakarane ei brei innføring i handvevarfaget.

Kursrekkja er open for alle som ønskjer å lære meir om veving, enten som grunnlag for fritidsinteresser eller næring. Det er mogleg å ta heile kursrekkja, eller berre enkeltmodular. Modulane er lagt opp etter vanskegrad med tilrådd rekkjefølgje. Dess lenger ut i kursrekkja ein kjem, dess meir forkunnskap vil kursa krevje.

For meir informasjon sjå www.kulturogtradisjon.no

23 jan 2019 17:30, Thon Hotel Opera, Oslo

26 jan 2019 10:00, Notodden

3 april 2019, Rauland

23 april 2019, Hjerleid, Dovre

7 juni 2019, Vågå

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPrivacy

This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.