Reverser kuttet til studieforbunda!

Resolusjon frå fylkesleiarmøtet i Norges Husflidslag, 29.10.2017: Fylkesleiarane i Norges Husflidslag er djupt bekymra over Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett med stort kutt i tilskotet til studieforbunda.

Norges Husflidslag er ein kultur- og interesseorganisasjon med 24.000 medlemmar. Organisasjonen arrangerer kurs over heile landet i handverk- og husflidsteknikkar. Vi har årleg rundt 15.000 kursdeltakarar som deltek i alt frå korte lavterskelkurs til lengre opplæringsløp. I samarbeid med Studieforbundet kultur og tradisjon arrangerer vi bunadopplæringa og vevopplæringa som er landsdekkande modulbaserte kurs som føl offentlege læreplanar. Både dei lokale kursa og dei landsdekkande kursa vil verte hardt ramma, og verte svært vanskelege å gjennomføre om kuttet vert ståande. Kursa vert dyrare og det vert færre kurs. Resultatet vil i tillegg verte mindre deltaking, færre kulturformidlarar, lavare meistring og dårlegare mental helse.

Norges Husflidslag tek ansvar for å formidle og utvikle vår immaterielle kulturarv. Gjennom våre frivillige lokallag tilbyr vi kurs i teknikkar og material som få har kunnskap om. At kursa kan gjennomførast, har stor betyding for om denne kulturarven lever vidare. Vi er derfor overraska over at Regjeringa ønskjer å kutte i tilskot til denne opplæringa, i ei tid der dei elles framhevar nasjonen Noreg sitt ansvar nettopp for vår felles kulturarv.

Vi ber Stortinget reversere og prisjustere tilskotet til studieforbunda, slik at det vert mogleg for oss å oppretthalde eit breitt kurstilbod over heile landet.

Foto (Jorid Martinsen): Kurs i hardangersaum

14 april 2018 10:00, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum

23 april 2018, Hjerleid, Dovre

1 juni 2018

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.