Spesielle prisar på Husflidstevlinga Dyrsku'n 2017

Kvar Husflidstevling gjes det spesielle prisar til handverkare som har utmerka seg. Her kan du lese kven som har motteke nyskapingsprisen, stimuleringsprisen, og Norges Husflidslags Diplom for godt handverk.

Bilete over: Ringane til Marianne Brilliantova som fekk nyskapingsprisen.

NYSKAPINGSPRISEN

Nyskapingsprisen vert dela ut under mottoet «Nye skot frå gamle røter», og vert i 2017 dela ut til Marianna Brilliantova for ringane ho har levert inn i rekruttklassa i sylv.

Arbeidet til Marianna Brilliantova er inspirert av Hallingdalsbunaden, og har gode røter i våre handverks- og husflidstradisjonar. Det syner nyskaping både i høve til bruk av materialer og ved å sette eit tekstilt mønster inn i ein heilt ny kontekst.

Marianna er opprinneleg frå Kiev i Ukraina, og var ferdig med sin Master i Tradisjonskunst  Sylv ved HSN, campus Rauland i vår. Frå i  haust av startar ho å arbeide som gullsmed i Oslo.

Dommarane seier: «Desse produkta fyller alle kriterier for å motta Nyskapingsprisen. Overføringen av bunadssaum til eit nytt medium i akryl er spanande, og med tydeleg referanse til tradisjonen. Val av materiale og format er forfriskande, med ein ny setting som gjev nye perspektiv.»    

Prisen er gjeven av Norges Husflidslag, og lyder på kr. 5.000,- i tillegg til diplom.

STIMULERINGSPRISEN

Stimuleringsprisen skal gå til ein handverkar som utmerkar seg med godt arbeid og til stimulering for vidare arbeid.

Stimuleringsprisen 2017 går til Asbjørn Skogjordet for staskniven han har levert inn i kategorien Kniv. 

Dommarane seier: «Dette er ein kniv med høgaste vanskegrad, og med suveren gravering, både i sylvet og på bladet. Mønsteret i akantusen er svært godt, spesielt i sylvet. Alle element harmonerer godt, og det er god balanse mellom dekorerte og udekorerte flater. Doppknappen og øvre doppholk framhevar heilheteten i sylvarbeidet.»

Asbjørn Skogjordet er frå Nes Verk i Tvedestrand kommune, og har knivmaking som hobby. Han er ein ypparleg representant for dei utøvarane som held den utdøyande tradisjonen med staskniv i hevd.

Staskniv er av dei  tradisjonane som er raudlista av Norges Huslflidslag. Med denne prisen ynskjer dommarane både å stimulere ein utmerka handverkar til vidare arbeid, og å stimulere knivmiljøet til å vidareføre dette handverket.

Prisen er gjeven av Dyrsku’n Arrangement AS og lyder på kr 5.000,- i tillegg til diplom.

 

NORGES HUSFLIDSLAG SITT

DIPLOM FOR GODT HANDVERK

 

Diplomet vert gjeve til utøvarar som utmerkar seg med eit særs godt hand-verk i tevlinga. Produktet må oppfylle minst to av fylgjande  kriterier:

  • Produktet skal vera ei vidareføring av
  • norske handverks- og husflidstradisjonar.
  • Kreativitet  og nytenking skal lønast.
  • Produktet skal syne fagkunnskap.

DIPLOMET VERT I 2017 GJEVE TIL:

  • Anne Kathrine Rønning for halslinning til brur i Beltestakk/Bøheringstakk- tradisjon. Dette er eit gjennomført godt teknisk arbeid tufta på tradisjon, og tilført nye element som hevar produktet. Val av farge og komposisjon, samt materiale, er eksepsjonelt. For å lage eit produkt av slik nøyaktighet og kvalitet krevjast det stor gjennomføringsevne over lang tid.
  • Hege Iren Aasdal Wiken for veske i pilfletting. Dette er eit gjennomført kvalitetsprodukt som spring ut frå ein tradisjonell teknikk, men med eit nytt formspråk. Formen på produktet gjev høg grad av funksjonalitet, og vitnar om svært god forståele av både materiale og tredimensjonal form. Produktet framstår som gjennomtenkt og med stor bruksverdi.
  • Dina Tovseth Skomdal for kjole i ull med lærbroderi. Produktet er nøyaktig og godt utført med fin harmoni og heilhet. Mønsteret er godt komponert, og val av materiale er bra i forhold til mønster, passform og uttrykk. Særleg fint med det gylne læret mot det blå ullstoffet, og med avslutningane med knuterad.  Ein flott kjole som vil falle fint rundt kroppen. 

Var du en av de tre heldige vinnerene som vant 1 kg norsk garn etter å ha besøkt vår Ung husflid-stand på Dyrsku'n på Seljord 8. til 10. september? Sjekk her!

Lørdag 9. september var det Husflidsdagen 2017, hvor husflidslag landet over viste fram alt det spennende, artige og nyttige de holder på med. Årets tema var strikking, og med det var det ekstra mange som fikk øynene opp for alt man kan gjøre med norsk ull.

80 000 mennesker besøkte landbruksmessa Dyrsku'n helga 8-10. september, og tusenvis av disse var innom både husflidutstilling, håndverkernes salgshall og aktivitetene våre for barn og unge!

22 sep 2017 18:00, Birtavarre

27 okt 2017, Best Western Oslo Aerport HotellGardermoen

30 okt 2017 10:00, DogA - Norsk design- og arkitektursenter

1 juni 2018

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.