Terningkast 5 til Z SPOR

Høgskolelektor Randi Veiteberg Kvellestad har anmeldt boka Z SPOR #MØNSTER #DEKOR utgitt av Norges Husflidslag, og gir den terningkast 5!

Dette er både ei inspirasjons- og instruksjonsbok. Tittelen på boka er presis og samsvarer meget godt med innhaldet. Den startar med grunnleggande innføring i mønsterbygging og slår fast skildnaden mellom bord, frittståande motiv og flatedekor. Bearbeiding av desse tre retningane innan overflateuttrykk blir vist gjennom mange teknikkar, reiskap og materiale. Her er stor breidde og variasjon i utvalet. Boka er full av vakre bilete. Vi blir vist både arbeidsprosessar steg for steg og ferdige resultat.

Forfattarane fortel både kulturhistoriske fakta, forklarer fagomgrep og kjem med oppskrifter og gode instruksjonar til kva ein kan lage. Dei har prøvd ut ideane sine på ungdom og fleire av resultata som er avbilda er henta frå desse. Dette gjer boka truverdig. Enkle, gode tips får du med på kjøpet. Det er berre å ta utfordringa; Z dine SPOR! 

I denne boka kan ein hente handverkskunnskap og bruke den direkte, men også innhente idear til oppgåver både for grunnskule og for vidaregåande opplæring. 

Terningkast 5
Høgskolelektor Randi Veiteberg Kvellestad, Høgskolen i Oslo og Akershus. 
Fakultet for teknologi, kunst og design, Institutt for estetiske fag, oktober 2014

Boka "Z SPOR #mønster #dekor" får du kjøpt i vår nettbutikk

25 jan 2020, Molde og omegn

20 april 2020, Hjerleid, Dovre

5 juni 2020, Mandal

1 juli 2020, Design- og håndværksefterskolen i Skjern, Danmark

26 aug 2020, Norges Varemesse, Lillestrøm

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.