Vel møtt til Fagdagane i bunad og folkedrakt!

Fagdagane på Fagernes 28. – 29. august 2017 er sommarens største bunadmønstring! Tema for årets seminar er sylvsmedhandverket, med foredrag, kurs og demonstrasjoner. 

Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet Kultur og tradisjon har sidan 2014 arbeidd saman for å styrke det drakt- og tekstilfaglege feltet i Noreg. Saman arrangerer vi Fagdagar i bunad og folkedrakt; ein open konferanse der alle drakt- og tekstilinteresserte kan møtast og utveksle kunnskap og erfaringar. Det er ulike tema kvart år, med demonstrasjon av handverk, varemesse og ei rekkje dyktige forelesarar.

Tema for årets seminar er sylvsmedarbeid og sylvsmedar. Hovud - foredragshaldar er Lori Talcott, ein sylvsmed frå Seattle i USA, som har studert norsk draktsylv frå eit internasjonalt perspektiv. I år ynskjer vi også å sette fokus på kva for rettigheiter ein har som bunadsprodusent, og kva ein skal vera merksam på for å beskytte arbeidet sitt mot kopiering. Vi har derfor invitert advokat Astri M. Lund til å halde eit foredrag om emnet.

Dei tradisjonelle draktskikkane i Noreg skil seg ut frå andre land med si utstrakte bruk av draktsylv, som halssprette, søljer, spenner og belte – for ikkje å gløyme brurekronene. Sylv var bondens kapital, og gjekk gjerne i arv i fleire generasjonar. Sylvet fekk høg verdi også fordi det var tett knytt opp til livets høgtider; dåp, konfirmasjon og bryllaup. Til eit kvart stadium i livet hadde sylvet ein funksjon, som påminning om ætta, som beskyttelse mot vonde krefter i naturen eller som religiøse symbol.

«…med kyrkja synte bonden seg i sin hægste stas, med kyrkja skulde nye klæde visast fram fyrste gongen, der skulde den nye sylgja og de nye sylvbelte fyrste gongen berast, med kyrkja skulde fyrst og fremst brudi bera sylvet…» (Rikard Berge, 1925)

I tillegg vil det bli ein paneldebatt med både fagfolk og stortingspolitikarar som stiller spørsmål om korleis ein kan sikre ein kunnskapsbasert bunadsproduksjon også i framtida: Eivind Falk (Høyre-politiker Oppland og leiar for Norsk Håndverksinstitutt), Ketil Kjenseth (Stortingspolitikar Venstre), Inger Lise Brøto Torland (Norsk Flid) og Barbro Storlien (bloggar og bunadtilverkar).)

Program finn du her.

Foto: Anne Marte Før.

8 mai 2021

30 juni 2021, Den danske Design- og Håndværksefterskole i Skjern, Danmark

30 aug 2021

7 mai 2022

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.