Raulandsakademiet

Raulandsakademiet er det stedet i Noreg som tilbyr flest kurs innan tradisjonshandverk.

Vi er glade for å presentere ein kurskalender med over 60 tilbod. Nokre gamle kjende kurs og nokre nye.  Eg vil nemne brikkeveving som er den eldste vevteknikken vi veit om. Torkjel Sletta vil lære bort korleis vi lagar tradisjonelle hårband, som du særleg finn på folkedraktene i Telemark. For deg som vil gå litt vidare med brikkevevteknikken tilbyr Ingunn Hovde eit kurs der ein set opp brikkeveven i  vevstol. Barbro Storlien vil hjelpe deg i gang med å sy din eigen bunad. Fyrst nokre dagar med brodering, deretter nokre dagar med montering av bunad. Eller kva med å føre vidare tradisjon med dåpsluer. Mona Løkting vil lære bort korleis ein syr dåpslue i silke for gut eller jente.

Kurs i biletvev med Anne Gro Johansen er på plass att og Åse Eriksen vil lære bort korleis ho fargar garn til renning i veven.

Det er mange stikkekurs i år. Både maskinstrikking og handstrikking. Mellom anna kan du designe di eiga kufte med Kristin Holte eller lære korleis du lagar fine avslutningar og kantar på handstrikka plagg.

For deg som er interessert i sølvarbeid, kan du konsentrere deg om filigranteknikken på eit 2 veker kurs med Gunnhild Astrid Evju. Eller lag eit sølvkrus på kurset til Eli Taugbøl, frå plate til krus.

Anne Grete Krogstad tilbyr eit kurs for alle som arbeider med barn. Her får du gode tips til oppgåver både innan tre, lær og tekstil.

Kva med å lage eigne sandalar til sommaren? Sofie Louise Kleppe har utdanning i lærarbeid frå Finland og vil dele kunnskapen med oss.

Kurs i tinntrådarbeid har vi ikkje hatt på Rauland før. I år kjem Norma Refsal for å halda dette kurset. Ho er kona til Harley Refsal som mange vil kjenne godt frå før. Harley skal halda kurs i figurskjering i veke 27.

Elles er vi glade for å kunne tilby kurs vi har hatt i mange år. Når både kursdeltakarar og instruktørar er fornøgde og ynskjer å koma attende til Rauland, ja, då blir det bra.  Vi nemner lafting, treskjering, snikkarkurs, møbeltapetsering, landskapsmåling, akvarell, skinnfellkurs,  fotokurs, tægerbinding, skrivekurs, knivkurs, rosemåling, plantefarging, spinning, sliping av verktøy og kalligrafi.

Akademiet holder til i Rauland i Telemark, og kursene arrangeres i samarbeid mellom Rauland Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Mer informasjon finner du her: www.raulandsakademiet.no

Kurskalender for 2017 finn du her.

Hjemmeside: www.raulandsakademiet.no

E-post: post@raulandsakademiet.no 

 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.