Drakt og samfunn

Frå hausten 2014 startar Norsk institutt for bunad og folkedrakt opp att universitetsemnet Drakt og samfunn i samarbeid med NTNU. Emnet er no revidert og vil gje ei betre fordjuping i faget. Ved revideringa har vi fått eit tilbod av høgare fagleg kvalitet, med større fleksibilitet for kursdeltakarane.

Emnet gjev brei kompetanse på det folkedrakt- og bunadfaglege feltet. Sentralt i emnet står drøftinga av viktige faglege omgrep som bunad, folkedrakt og folkeleg mote, i eit kulturhistorisk perspektiv. Faget har ein naturleg forankring i det tradisjonelle handverket og vil gje ei innføring i utvalde småteknikkar. For å kunne studere eller drive forsking innan fagområdet er ein viss handverkskunnskap ein nødvendig føresetnad, som eit verkty for å forstå, bearbeide og analysere eit draktfagleg materiale. Studenten skal også kunne tolke og analysere endringsprosesser i folkedrakttradisjonane, samt nytte sentrale faglege omgrep.

Emnet er samlingsbasert og er sett saman av seks sjølvstendige vekesamlingar over 2 år. Det vil seie at ein kan velje om ein vil ta alle seks samlingane etter kvarandre, eller om ein berre vil ta nokon. Kvar samling har ein mindre heimeeksamen som gjev 7,5 studiepoeng. Om ein tek heile Drakt og samfunn får ein til saman 45 studiepoeng.

6. - 10. oktober: Samling 1, Kjelder og metode (på Fagernes), gjev eit innblikk i draktvitskapleg metode, samt bruk og tolking av ulike typar kjelder. Emnet gjev vidare basiskunnskap om lokale folkelege drakttradisjonar og bunader, sett inn i allmenne kulturhistoriske rammer. Dette vil gje ei naudsynt forståing av fagfeltet som heilskap, som dannar grunnlaget for dei 5 andre emna i studiet der ein fordjupar seg i desse omgrepa. Pensum omfattar ei innføring i kjelde- og metodebruk på det kulturhistoriske fagfeltet, samt spesiallitteratur innan emnet folkedrakt, folkeleg mote og bunad. Leselista er på om lag 750 sider inkludert kompendium. Omlag 200 sider er sjølvvald litteratur.

26. - 30. januar: Samling 2, Tilverking (på Fagernes) Faget Drakt og samfunn har ei naturleg forankring i det tradisjonelle handverket, og dette kurset vil gje ei innføring i utvalde saum- og småteknikkar. Vidare vil kurset gje ei oversikt over ulike material- og bindingstyper slik dei har vore brukt i det gamle draktmaterialet. På kurset skal deltakarane studere tidstypiske tilverkingsteknikkar og få eit innblikk i dei handverkargruppene som stod for tilverkinga i eldre tid. Etter bestått kurs skal deltakaren kunne analysere klede i forhold til material og tilverking. (Du må søkje på nytt for å ta dette kurset, søknadsfrist bli omtlag 1 månad i forkant.)

16. - 20. mars: Samling 3, Drakthistorie (i Oslo) Kurset gir det samfunnsfaglege grunnlaget for å forstå den norske folkelege draktskikken. Deltakarane vil få ei innføring i korleis samfunnet forma og ga premissene for utviklinga av folkedrakttradisjonen i Noreg. Kurset vil særleg fokusere på nordisk og europeisk motedrakt frå middelalder til moderne tid, og sjå den i samband med den norske, folkelege moten. Etter endt kurs 1 -3 skal deltakaren kjenne til de material, snitt og teknikkar som karakteriserer draktplagg frå ulike historiske periodar og kunne plassere draktplagg i ein kulturhistorisk samanheng. Deltakar skal også på eit elementært nivå kunne dokumentere, tolke og analysere bevarte draktplagg, med utgangspunkt i teoretisk og handverksteknisk kunnskap. (Du må søkje på nytt for å ta dette kurset, søknadsfrist blir omlag 1 månad i forkant.)

Sjå heimesidene til NTNU for meir info og for å søkje opptak til kurset.

Handverksskolen på Hjerleid, Dovre har eit par ledige plassar på Vg2 Design og trearbeid. Dette studiet har hovudvekt på treskjering, men ein lærar mange teknikkar i arbeid med tre som materiale. Dette er eit årskurs, og det er mogeleg å ta læretid etterpå.

Nå har kurskalenderen for Raulandsakademiet 2016 kommet, og alt er 8000 eksemplar sent ut! I 2016 er det 66 kurs velge mellom, og året blir et riktig høydepunkt for alle som er interessert i tekstil - med akademiet byr også på mye annet spennende! 

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.