TREseminaret, 26. april-1. mai, tilbyr kurs med fokus på tradisjon, teknikk og kunnskap innan tre og tradisjonshandverk. Deltakarar få eit solid fagleg utbytte, og høve til å møte andre med felles interesser og i same bransje.

­­–Rykande ferskt kurs av året er Nytt skogbruk!. Kurset er basert på ei heilt ny bok som er skrive av Gjermund Andersen, og er retta mot skogeigarar og handverkarar. Kurset tek for seg praksis i skogbruket, lønnsemd, bærekraft og grep som bør takast, med Gjermund Andersen sjølv som lærar, samt Jon Bojer Godal og Steinar Moldal, fortel alltid entusiastiske Helle Hundevadt ved Senter for bygdekultur.

TREseminaret på Hjerleid på Dovre blir i 2022 arrangert for 16. gong. Etter to år med pandemi og avlyst seminar, er vi nå ekstra glade for å kunne tilby nytt seminar, om enn litt mindre skala enn tidlegare år. Seminaret tilbyr kurs med fokus på tradisjon, teknikk og kunnskap innan tre og tradisjonshandverk. Du vil som deltakar få eit solid fagleg utbytte, og høve til å møte andre med felles interesser og i same bransje. Dette er ein fin arena for å bygge nettverk for deg sjølv eller bedrifta di, samt ha det triveleg i eit inspirerande miljø.

­­–Mange titals handverksinteresserte, ikkje berre frå Noreg, men og rundt om i Skandinavia og frå «det store utland» har samla seg på Dovre i veke 17 kvart år. Seminaret består av ei rekkje handverks- og husflidskurs over tre og fire dagar utover veka, samt tilbod om foredrag på kveldstid.

I tillegg til kurset Nytt skogbruk!, blir det kurs i smiing, tredreiing, tørrmuring, møbelsnekring og fletting av aktarkorg. Eit kurs som er svært populært er møbelsnekring.  Lærar her er Robert Wiik. Elles nyttar TREseminaret kjende og akta læremeistrar i fagmiljøet, som Jon Bojer Godal, Steinar Moldal, Reinhold Conrad, med fleire — alle med lang erfaring og imponerande merittlister.

Lærerikt for heile familien
TREseminaret har tilbod for heile familien. I tillegg til dei vanlege verkstadtilboda, har seminaret og Barnas TREseminar, med kurs spesielt tilpassa barn og ungdom og formidling av tradisjonshandverk til denne aldersgruppa. Seminar, kurs og utstillingar er lokalisert på Hjerleid og i Bygningshistorisk park på Dovre. Foredraga er på Toftemo turiststasjon, alt i nærleiken av Dovre sentrum.

– Kurs er lærerikt, triveleg og sosialt. Det er heller ikkje slik at ein må ha erfaring frå tidlegare for å delta på kursa våre. Her er alle velkomne om dei er erfarne eller nybegynnarar, avsluttar Helle.

 

Les meir om kursa, og meld deg på:
treseminaret.no/ 

 

Treseminaret er eit samarbeid mellom Senter for bygdekultur, Hjerleid handverksskole, Dovre handverkssenter, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.