Alt på stell
Tekst: Berit Solhaug, foto: Sissel Beate Eriksen Skar
| I kafeen på Sogn folkemuseum, rett utanfor Sogndal, er det stille denne disige vårdagen. I mars er det enno nokre månader igjen til turistane kjem. Men Dagrunn Hesjevoll har tatt turen frå Luster, der ho bur, ein times køyring er ingenting i eit fylke der folk bur like spreitt som moltene på myra eit dårleg år. Fylkesleiaren fortel at dei har 660 medlemmar fordelt på 17 lokallag, 137 av desse er barne- og ungdomsmedlemmar. | ||
| – Mange av laga er flinke med barne- og ungdomsarbeidet, mens andre ikkje har starta opp. Her i fylket har særleg Midtre Sunnfjord komne langt. I dette arbeidet er ein svært avhengig av ildsjelar som brenn for å formidle til dei yngre, sier Hesjevoll, men legg til at ikkje alle ønskjer å prioritere Ung Husflid. – Mange medlemmar tenkjer nok at kveldane ein brukar i husflidslaget skal vere frikveldane deira, konstaterar ho. | ||
| Då Norsk Husflid vitjar landsmøtefylket, har det nettopp vore halde årsmøte med mellom anna val av nytt styre. Etter landsmøtet heiter leiare i Sogn og Fjordane Husflidslag Bente Lien. Dagrun har hatt vervet i seks år og vil vere med å få det store arrangementet i hamn, men så er det slutt. No er det nok, meiner organisasjonsmennesket, som jobbar som dagleg leiar i Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Ein jobb ho har hatt i 24 år. Anna leiarerfaring har ho frå konfeksjonsfabrikken som ho og andre tilsette dreiv vidare, då den tidlegare eigaren flagga produksjonen ut av landet. I tillegg har ho fartstid både i butikk, i bibliotek og som dagmamma og heimehjelp. Og 63-åringen har rukke å bli oldemor til ei lita jente på to år. |
| |
| Karrieren i husflidsrørsla byrja i 1979, då ho var med å starte lokallaget i Luster der ho framleis er med. Og dette vestlandsfylket er ikkje annleis enn landet elles, damene er i opplagt fleirtal. – Vi saknar karane, det er ikkje ofte vi har menn må møta våre. Men eg opplever at husflidslaget er veldig viktig for dei som er med, der kan ein drive med det ein er oppteken av. Det er faste folk som kjem, den same gjengen med godt vaksne. Vi skulle gjerne hatt med fleire unge, sukkar Dagrun. | ||
| Samkjensle Fordi medlemmane bur langt frå kvarandre blir aktivitetar som samlar folkken viktige. Dagrun trekkjer fram julekurset i fjor med Bjørg Lundeby og Kari Filberg som døme på eit arrangement som trakk folk frå heile fylket. Samkjensle og tilhøyrsle er viktig i eit glissent befolke fylke. Men Dagrun meiner at medlemmane slett ikkje berre er opptekne av å sitte med nasen i strikketøyet, mange er også interesserte i organisasjonen Husflidslag og utviklinga av han. | ||
| – Vi satsar på organisasjonsutvikling, til hausten skal vi ha eit kurs i kvar del av fylket. Det er viktig å halde kurs som ser vidare, over dei fagleg, praktisk retta kursa. Å utvikle organisasjonen er like viktig som å halde praktiske kurs. Men folk er også opptekne av tradisjonane og å føre dei vidare til neste generasjon. I Sogn og Fjordane er vi heldige og har mange gode folk som er læremeistrar for oss. Eg ser berre i mitt eige lokallag, kor mykje kunnskap som sit der. Nokre trur at du må vere drivande dyktig for å bli med i husflidslaget. Men slik er det jo ikkje. Ikkje alle kan alt, seier Dagrun, som ser at det er viktig å formidle at det både er husfom, hjarterom og låg list for å bli med i husflidslaget. Husrom og hjarterom vil det også vere på Rica Hotel Sunnfjord under landsmøtedagane. Den største utfordringa i arbeidet føre arrangementet har vore økonomien, fortel Dagrun. Budsjettet er på omlag 130 000 kroner. | ||
| – Me har fått bidrag litt herfrå og derfrå og er svært takksame for støtta me har fått frå dei enkelte bidragsytarane, seier Dagrun. Ho berømmer alle som har stått på og bidratt til landsmøtet. Det har vore ein komité i sving med Dagrun Hesjevoll som eiar og der mellom andre husflidskonsulent Synøve Eriksen Vadøy har vore aktiv. Lokallaga er òg trekt inn i arbeidetog har kome med innspill og blir aktive med i landsmøtet. | ||
| Forutan sjølve landsmøteforhandlingane har komiteen lagt opp til eit rikt og variert turprogram konsentrert rundt Jølstravatnet. Besøk på Astrup-tunet og hjå Audhild Viken står mellom anna på programmet, dessutan skal Ung Husflid lage rabalder på Skywalken i Førde sentrum. I Movika på Sunnfjord Museum er det lagt opp til ein spanande ettermiddag med foredrag om prosjektet med Huldreduken frå Vee. Elevar frå Mo og Jølster vidaregåande skule mer med denne dagen. | ||
| – Velkomne til Sogn og Fjordane, seier Dagrun Hesjevoll. | ||
Alt på stell
– Eg ser fram til landsmøtet med gru og glede, koketterar avtroppande fylkesleiar Dagrun Hesjevoll. For fleire månader før Førde blir invadert av husflidsfolket er programmet på plass og budsjettet i balanse. – Det er 26 år sidan Sogn og Fjordane hadde landsmøtet sist. Vi vil vise at organisasjonen er oppegåande her i fylket også, seier Hesjevoll.
Menn med hjerter for tre
Tregruppa i Lier Husflidslag slo på stortromma under Lierdagene. Stor bod med mange flotte produkter og flere aktiviteter. De informerte om gleden ved trearbeid, innbød til kurs, medlemskap og fellesskap. Alt i rekrutteringens navn.
Papirklipp som historieforteller
Papirklipp er ikke bare vakkert å se på, det forteller også historier. Som Ballerina Bulldog. Ballerina og bulldog er ett av psaligraf Karen Bit Vejles sarte papirklipp. Det vil si det er hele 16 klipp av ballerinaen, og de er flotte som vindusoppheng. Klippene forteller hennes historie, og viser at hun på livsveien har 16 forskjellige ”powertools” eller verktøy å hjelpe seg med.
– Form, farge, funksjon bygger på grunnfjellet vårt
Styreleder Anne Liv Tønnessen om organisasjonens nye satsningsområde i årets første utgave av Norsk Husflid:
– Jeg håper og tror at vi med satsningsområdet ”Form, farge, funksjon” oppnår en større bevissthet rundt vårt arbeid enn i dag. Resultatet håper jeg blir inspirasjon, kreativitet og nytenking for hele organisasjonen, og at vi blir dyktiggjort, sier Tønnessen.
Powered by eZ Publish™ Content Management System.
